Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Forretningspartner

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

PBN-overgangsplan Noreg

(EU) 1048/2018 Art. 4

Dette dokumentet skildrar overgangen til PBN-miljøet for norske lufthamnsoperatørar og ANSP.

Det bør merkjast at sidan PBN-implementeringsprosjektet vart fullført i 2017 (starta i 2013), med RNP APCH implementert ved alle kvalifiserte rullebaneender, fokuserer dette dokumentet på overgangen knytt til avvikling og rasjonalisering av konvensjonelle navigasjonshjelpemiddel og prosedyrar.

I 2018 vart EGNOS-dekningsområdet utvida til 70° nordleg breidde, noko som gjorde det mogleg å leggja til òg LPV-minimum for lufthamnene ved den nordlege delen av det norske fastlandet. Denne innlemminga vil vera fullført og publisert i AIP Norway innan utgangen av 2021.

Vidare går implementeringa av RNP-AR-prosedyrar føre seg der dette har ein fordel for tryggleik og miljø.

I ein overgang kjem rasjonalisering etter implementering. Avviklinga vil byggja på ICAO-retningslinjer, EU-reguleringar og retningslinjer (EASA og Eurocontrol), og EU SJU-implementeringsmål for Single European Skies.

Avviklinga vil skje i to fasar;

  • frå 2020-2024: rasjonalisering av dublerte prosedyrar og utstyr.
  • frå 2025-2030: rasjonalisering til eksklusiv bruk av PBN; med berre utpeikte lufthamner og luftrom som tilbyr navigasjonstenester baserte på konvensjonelle prosedyrar og utstyr

Dette inneber at visse mindre lufthamner, på grunn av kostnadsunngåing (omsyn til “lifecycle management/end-of-life”) og reduksjon av “sunk costs”, vil gå over til “GNSS only”-teneste frå 2025 og framover. Med omsyn til belastninga i AIP-tenestene, inkludert naudsynte omarbeidingar knytte til tilbaketrekking av konvensjonelle prosedyrar og endringar i luftromsutforming, vil alle lufthamner som ikkje er utpeikte som påkravde i GNSS-beredskapssituasjonar, fullføra overgangen innan utgangen av 2030.

Overgangen som er skildra i dette dokumentet, vil følgja gjeldande endringsstyringsprosessar slik dei er kravde i EU 2017/373, og særleg skildra som “multi-actor change”; der Avinor ANS er den primære interessenten som koordinerer endringsstyringa med involverte sertifiserte ANS-leverandørar.

Overgangsplanen som er presentert i dette dokumentet, er resultatet av samarbeidet mellom Avinor ANS, Saerco og Avinor AS i rolla som sertifiserte ATS-leverandørar; og lufthamnoperatørane som sentrale interessentar som eigarar av CNS-utstyr brukt for TMA/TIA- og innflygingsoperasjonar (CTR/TIZ). Flyselskapoperatørane og luftromsbrukarane er konsulterte, og resultata frå konsultasjonen er brukte til å oppdatere planen til den noverande versjonen.

Klikk her for å sjå heile dokumentet