Avinor IT-partnar
Gjer smarte val når du skal etablere verksemd på flyplassane våre. Bestill elektronisk kommunikasjon, sjølvbeteningsløysingar og tilgang til innsikt og analyse frå oss.

Kjøp elektronisk kommunikasjon
Folk, store maskiner, små maskiner, tunge koffertar, gule koffertar, låg fart, høg fart - alt betyr noko på ein flyplass. Små marginar kan utgjere store skilnader. Vi vil at du skal få det så enkelt og effektivt som mogleg. Vi kjenner dei små detaljane som utgjer den store skilnaden. Vi kan flyplass.
Uavhengig av kva verksemd du skal etablere, vil ein av våre dyktige rådgjevarar hjelpe deg. Bruk av infrastrukturen vår vil spare deg for tid og kostnader.
Ring oss på tlf. 64 82 15 00 eller send e-post til .
Internett fastlinje
Internett fastlinje er breibandstenesta som vi tilbyr alle med grensesnitt mot vår felles infrastruktur for IT. Det blir sett opp i ditt eige virtuelle LAN (VLAN).
Leigeprisar inkluderer
Ei fast IP-adresse frå Avinor
Fleire faste IP-adresser frå Avinor
Automatisk lastbalansering
(redundans inn/ut)
Lik hastigheit opp og ned
Prioritert feilretting
Standardtenester
- Hastigheiter på OSL og BGO: 512 Kbps - 1Gbps,
- Andre lufthamner: 10 Mbps
- Utvalde lufthamner100 Mbps.
- Høgare hastigheiter på førespurnad
Tilleggstenester
- Offentlege IP-adresser
- DHCP-server
- DNS
- Redundans
- FW-ruter
- Fibertransiver
- Trådlaust internett-aksess
Tenesteskildring PDF
Trådlaust datanett
For verksemder på Avinors lufthamner blir det tilbydd tilgang til Operative Airport - OPERA - ei sikker, trådlaus datanett-teneste på Avinors felles Wi-Fi-infrastruktur. Dette gir alle aktørane på flyplassane tilgang til nett og tenester - trådlaust.
Tenesta gir bedriftene høve til å ta i bruk eigne bedriftsnett inne på lufthamnene. Stor bandbreidde gir rask og effektiv bruk - og høg brukervennlegheit. Utvida radius og lengre rekkjevidd for eige bedriftsnett bidreg til effektivisering og kostnadsbesparing.
PC-ar, smarttelefonar, nettbrett og handhalde terminalar blir kopla automatisk - kryptert med sertifikat - til bedriftsnettet. Bedrifta administrerer eigne brukarar. Kundar, gjester og konsulentar kan òg tilbydast gjesteaksess til trådlaust internett.
Nettet er sikra med 802.1x tryggingsstandard og WPA2-kryptering
Kabel-TV
Kabel-TV blir tilbode alle aktørar på Avinors lufthamner der dei er knytte til felles infrastruktur for IT. Avtalar kan gjerast for både offentleg og privat vising av TV-sendingane.
Kabel-TV over IP dekkjer heile terminalen og alle Avinors bygg på Oslo lufthamn og på Bergen lufthamn Flesland. IP-TV er under utbygging på Trondheim lufthamn Værnes, Stavanger lufthamn Sola og Bodø lufthamn.
Innhaldsleverandør er Canal Digital, som leverer standard programpakke for lukka vising og skreddarsydde programpakkar for offentleg vising.
Levering av kabel-TV på andre lufthamner etter avtale.
Radiokommunikasjon
Radiokommunikasjon vert tilbode alle aktørane som driv operativ verksemd på Avinor sine lufthamner.
PMR er eit digitalt radiosystem som dekkjer behovet for radiokommunikasjon frå bakken til bakken, utandørs og i store delar av terminalbygga på Oslo lufthamn, Bergen lufthamn og Tromsø lufthamn. PMR nyttar Tetra-standarden, eit lukka system som er avlyttingssikkert. Det gir trygg kommunikasjon internt i eiga bedrift og med andre aktørar på lufthamna. Andre lufthamner vert leverte etter avtale.
UHF vert nytta til kommunikasjon mellom bakke og tårn. UHF må nyttast av alle selskap som har behov for ferdsel på manøvreringsområdet.
PMR og UHF er ein del av Oslo lufthamn si felles infrastruktur for IT.
VHF vert nytta til kommunikasjon mellom bakke og fly, og er ei kundespesifikk infrastruktur.
Radiokommunikasjon på andre Avinor-lufthamner vert levert etter avtale.
Standardtenester
- Bakke til bakke (PMR)
- Digital radio basert på TETRA-standarden
- Bakke til tårn (UHF)
- Bakke til luft (VHF)
Tilleggstenester
- Telefoni Interconnect (PMR)
- Systemterminal (PMR)
- Dispatch (PMR)
- Serviceavtale apparat
- Tilleggsutstyr tale
- Tilleggsutstyr montering bil/bord
- Tilleggsutstyr handhalden
ITV-bilete
Denne tenesta gir deg tilgang til bilete frå utvalde overvåkingskamera på Avinor sine lufthamner. Dette kan utnyttast til å forbetre den operative drifta, og til å gi statusinformasjon om avgrensa område, flyoppstillingsplassar med meir.
Tenesta bidreg til å innhente sanntidsinformasjon, for å kvalitetssikre og effektivisere den løpande drifta.
Det må søkjast om løyve for å ta i bruk denne tenesta. For ytterlegare informasjon om regelverk kontaktar ein Avinor IT Partner.
Tenester
- ITV-bilete
- Skjermar



