Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Forretningspartner

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Varsle om kritikkverdige forhold

Reisande brukar smarttelefon på flyplassterminal med fly i bakgrunnen under solnedgang

Eksterne selskap og personars moglegheit til å varsle: 

I Avinor og tilhøyrande dotterselskap ønskjer vi å ha ein trygg og open ytringskultur. Som besøkande, kunde, leverandør, samarbeidspartnar eller annan ekstern person/selskap blir du oppmoda til å varsle dersom du observerer eller blir orientert om eit forhold du vurderer som kritikkverdig.

Ordinære kundeklager skal sendast inn her: 

tilbakemelding.avinor.no/Complaint/Create

Eksempel på kritikkverdige forhold

Med kritikkverdige forhold meiner vi forhold som er i strid med lover og reglar, etiske retningslinjer i verksemda, eller etiske normer som det er brei semje om i samfunnet. Døme på kritikkverdige forhold er:

1.       Ulovlege handlingar: Svindel, korrupsjon, tjuveri, eller annan økonomisk kriminalitet.

2.       Mobbing, trakassering eller diskriminering

3.       Alvorlege brot på etiske retningslinjer: Til dømes krenking av miljølovgiving og menneskerettar.

4.       Tryggleiksrisikoar: Handlingar eller unnlatelsar som kan setje helse, tryggleik eller miljø i fare.

5.       Andre kritikkverdige forhold: Alvorlege brot på Avinors etiske retningslinjer eller prosedyrar.

Korleis varslar eg?

Som ekstern i Avinor kan du varsle på følgjande måtar:

  • Ved å fylle ut digitalt skjema for varsling i Avinors interne varslingskanal. Varsel som blir sende inn i varslingskanalen, blir handterte av Avinors varslingsutval. Du kan òg varsle anonymt. Varslingskanalen finst her: https://tilbakemelding.avinor.no/Whistleblowing/Create 
  • Via Avinors uavhengige varslingskanal. Kanalen blir handtert av Advokatfirmaet Bull. Varselet kan sendast per e-post til:

Som varslar avgjer du sjølv kva slags informasjon som skal givast. Det er ikkje eit krav at du kan dokumentere den kritikkverdige hendinga, handlinga eller unnlatelsen. Varselet bør likevel vere så detaljert som mogleg og, om det finst, innehalde dokumentasjon på det kritikkverdige forholdet.

Du kan som nemnt varsle anonymt, men vi tilrår likevel at du varslar med fullt namn, då det vil gjere undersøkingane lettare.

Kva skjer når eg har varsla?

Etter at du har varsla, vil det bli sett i verk eigna tiltak for å følgje opp varselet. Det vil bli gjennomført undersøkingar for å få meir informasjon om forholda det er varsla om. Både varslaren, den det er varsla om og andre involverte kan bli kalla inn til ein samtale som ledd i desse undersøkingane.

Nivået på undersøkingane, saksbehandlinga og oppfølgingstiltaka vil variere frå sak til sak. Dersom det viser seg at det er behov for ytterlegare undersøkingar eller det blir avdekt straffbare forhold, vil det òg kunne bli aktuelt å kople inn eksterne aktørar som politi, eksterne advokatar osv.

For meir informasjon om kva du kan varsle om, kven du kan varsle til, korleis du skal gå fram, og korleis varselet ditt vil bli handtert, viser vi til Avinors varslingsrutinar for eksterne:

Avinors varslingsrutine for eksterne finst her:

Varslingsrutinar for eksterne