Profesjonelle brukarar
OPPDATERE AIP NORGE
Endring av AIP
Korleis går du fram for å bestille endringar og levere data til Kunngjeringstenesta som skal publiserast i AIP Noreg, AIP SUP og AIC. Framgangsmåten er beskriven her:
Informasjon om bestilling av endringar
Dersom du har tilgang til elektronisk bestillingsskjema, brukar du lenkja her:
Dersom du mottar ei feilmelding når du prøver å opne denne lenkja, les meir under "eierskap" for meir informasjon om eigarskap til data og informasjon i AIP Noreg, og godkjende bestillarar.
- Mottatte bestillinga blir registrert av Kunngjeringstenesta og saksnummer blir tildelt bestillaren, samt at det blir gitt eit estimat på når endringa vil bli publisert i AIP Noreg. Innebær bestillinga fakturerbare tenester vil bestillar òg bli informert om dette.
- Rettelser til AIP kan tre i kraft kvar 4. veke på internasjonalt fastsette datoar (torsdagar). Avinor nyttar normalt 9-10 av desse AIRAC-datoane i året.
- Kart og Kunngjering strevar etter å publisere endringar på dei datoane bestillar ønskjer, men kan ikkje alltid etterkome dette. Alle bestillingar blir vurderte ut frå omfang, kompleksitet og tilgjengeleg produksjonskapasitet og deretter tildelte eit leveringstidspunkt.
EIGARSKAP
Informasjonseigar
All informasjon og data i AIP Norge har ein Informasjonseigar som er ansvarleg for at det som er publisert til ei kvar tid er korrekt.
For nokre delar er dette Luftfartstilsynet eller fagavdelingar i Avinor, medan ved lufthamnene er det som regel Lufthamnsjefen i kraft av rolla som Operational Manager (Flyplassjef).
Godkjende bestillarar
For å sikre at informasjonen AIP Norge er og forblir riktig kan berre godkjende bestillarar melde inn endringar. Det er informasjonseigar som er ansvarleg for å peike ut, og informere Avinor Kart og kunngjøring om kven som er, godkjende bestillarar for den/dei aktuelle delen(e) av AIP Norge.
For å melde inn godkjende bestillarar, fyll ut skjemaet "Innmelding av godkjent bestiller" og send i signert form til Ved endringar er det viktig at skjemaet inneheld alle som skal reknast som godkjende bestillarar, ikkje berre den som skal leggjast til (eller fjernast).
AIP INFORMASJON
Informasjon om kunngjeringstenesta, AIRAC og FAQ.
KUNNGJERING
Kunngjeringstenesta for luftfarten i Noreg blir utført av Avinor, og oppgåvene er delte mellom to einingar:
- Fagavdelinga Kart og kunngjering i Berekraft, Konsept og Infrastrukturutvikling i Avinor AS, som mellom anna produserer AIP, AIP SUP og AIC
- Avdelinga AIS/NOTAM i Avinor Flysikring AS, som utfører tenester innan integrerte informasjons- og reiseplanleggingstenester for sivil og militær luftfart.
Luftfartsinformasjon blir kunngjord i Integrated Aeronautical Information Package (IAIP) , som inkluderer Aeronautical Information Publication (AIP), AIP Supplement (AIP SUP) og Aeronautical Information Circular (AIC).
For ytterlegare informasjon om kunngjering og kunngjeringsprosessen, sjå sidene Endring av AIP og AIRAC, samt følgjande dokument:
- AIP Noreg - Bestilling, produksjon og kunngjering - Bestille endringar
- Vedlegg 1: Ansvarsmatrise for AIP Noreg
- Vedlegg 2: Innmelding av banerapport (SNOWTAM-skjema)
- Vedlegg 3: Innmelding av godkjent bestillar
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med AIS Kunngjering på
AIRAC
Forhold som vedkjem luftfarten er i konstant endring. Luftrom og ruter blir endra; navigasjonshjelpemiddel blir etablerte, lagde ned eller flytte; SID og STAR blir effektiviserte; rullebaner og taksebaner blir endra, osb. Dette er viktig informasjon for pilotar, flygeleiarar og Air Traffic Flow Managers, og vil bli gjengitt i FMS (Flight Manual Systems), radarsystem og på inn- og utflygingskart. Det er viktig at alle har den same korrekte informasjonen. Korleis lar dette seg gjere? Svaret er AIRAC!
AIRAC er ei forkorting for Aeronautical Information Regulation and Control , eit system for oppdatering av luftfartsinformasjon. Systemet opererer med eit sett felles datoar, tidsfristar og prosedyrar for publisering av aeronautiske data og informasjon (sjå ICAO Annex 15 - Aeronautical Information Services (AIS)).
I korte trekk går det ut på at informasjon som skal publiserast i samsvar med AIRAC-systemet skal distribuerast av aktuell AIS/AIM-leverandør minst 42 dagar før effektiv dato. I den hensikt å nå mottakarane minst 28 dagar før effektiv dato. Ved større endringar, og når det er ønskjeleg, skal publiseringsdato vere minst 56 dagar før effektiv dato.
Avinor strevar etter å publisere data vedkjem AIRAC-forhold slik at kundane tek imot data og informasjon seinast 42 dagar før effektiv dato. Dette for at dei som skal oppdatere radarsystem og FMS skal ha nok tid til å kontrollere og tilpasse det til bruk i dei aktuelle systema, og for at dei som skal oppdatere ATM-systema har tilstrekkeleg tid til å planleggje og gjennomføre dette.
Viktige omgrep:
Effektiv dato - Den dagen då endringa(e) trer i kraft
Publikasjonsdato - Den dagen då AIS sender ut data og informasjon. Dette skal vere minst 42 dagar (evt. 56 dagar) før effektiv dato.
TIDER
Tidssystem og sommertid/vintertid
Koordinert universaltid, UTC - Universal Time Coordinated, òg kjend under den tidlegare nemninga GMT - Greenwich Mean Time, er saman med den gregorianske kalenderen dei tidsangivingane som blir nytta innanfor flysikringstenesta og informasjonstenesta for luftfarten i Noreg. Rapportering av tid blir avrunda til næraste heile minutt.
Døme: 12:40:29 blir avrunda til 1240, 12:40:30 blir avrunda til 1241.
Tidsangivingar i AIP, AIP SUP og AIC er alltid oppgjevne i UTC. I AIP Noreg, tilknytte publikasjonar og AIS Portal, vil UTC-tider som gjeld i sommarperioden bli lagde til i parentes.
MAGNETISK VARIASJON
Misvisning
Misvisning (MAG VAR = Magnetic variation) er den stadig skiftande vinkelen mellom den geografiske nordpolen og den magnetiske polen. Avhengig av kvar den magnetiske polen ligg i høve til den geografiske nordpolen, blir misvisninga omtalt som austleg eller vestleg.
Austleg misvisning tyder at kompasset viser nord til høgre (aust) for geografisk nord. For å korrigere må misvisninga trekkjast frå.
Vestleg misvisning tyder at kompasset viser nord til venstre (vest) for geografisk nord. For å korrigere må misvisninga leggjast til.
Huskehugsregelen, som ikkje kan omsetjast på ein god måte, er «Variation east - magnetic least, variation west - magnetic best».
Den årlege endringa i misvisninga blir òg berekna. Det vil seie at ein bereknar kor mykje ein forventar at den magnetiske nordpolen skal flytte seg i løpet av eitt år. Misvisninga blir oppgjeven for kvar flyplass og på alle kart, og årleg endring blir oppgjeven for den enkelte lufthamna. Desse verdiane står oppførte i AIP punkt AD 2.2 -5.
I samsvar med tilrådinga i ICAO Annex 4 brukar Avinor ordninga med å publisere MAG VAR-verdiane kvart femte år. Publiseringsåret er alltid deleleg med fem; 2010, 2015, 2020 osv.
Avinor nyttar IGRF-modellen for automatisk berekning av misvisning. Denne modellen er henta frå National Geophysical Data Center hos NOAA - National Oceanic and Atmospheric Administration, sjå www.ngdc.noaa.gov/geomag/models.shtml for nærare informasjon.
Deklinasjon
Deklinasjon er skilnaden i vinkel mellom 0-radialen på ein VOR eller TACAN og geografisk nord. Dette må stillast inn manuelt for kvar VOR-stasjon basert på ei skjønsmessig vurdering av misvisninga der ein tek omsyn til årleg endring. Ein strevar etter at deklinasjonen skal samsvare med misvisninga, og 0-radialen blir forsøkt halden så nær magnetisk nord som praktisk mogleg, men fordi dette er ei justering som berre blir gjort kvart femte år, vil årleg endring i misvisninga måtte takast omsyn til ved innstilling av deklinasjon. Ein annan faktor er at deklinasjonen blir oppgjeven i heile grader medan misvisninga blir oppgjeven i tidelar av grader. Deklinasjonen vil difor nødvendigvis måtte avrundast noko i høve til misvisninga.
Eksempel:
Dersom misvisninga ved ein VOR-posisjon er 2,6° E og deklinasjonen er sett til 3° E, vil magnetisk kurs vere 002,6° når ein flyg ut på 003-radialen, altså ein differanse på 0,4°. Dersom årleg endring i misvisning er 0,2° E, kan ein to år seinare forvente at differansen har blitt nærmast null fordi misvisninga då er forventa å ha auka til 3,0° E.
AIP-DATA
Avinor har gjort dei norske ICAO 1:500.000-karta tilgjengelege som PDF- og GeoTIFF-filer. Kjøparar av desse dataa må signere ein avtale som regulerer bruken av dataa, anten til eige formål eller til gjenbruk i eit produkt som blir gjort tilgjengeleg/seld til ein tredjepart. ICAO 1:500.000-karta blir oppdaterte årleg.
Avinor planlegg å etablere ein nedlastingsteneste som vil gjere AIP-data tilgjengelege i AIXM 5.1-filer. Desse vil innehalde norsk luftrom, ATS-ruter, navigasjonshjelpemiddel og spesielle punkt (5LNC knytte til ATS-ruter og/eller lufthamner, RNAV-punkt, osv).
Ytterlegare informasjon kan fåast ved å vende seg til
Datakvalitetskrav
I samsvar med forordning (EU) 2017/373 AIS.TR.240 skal data som ikkje oppfyller krava til datakvalitet, annoterast. Følgjande Excel-fil listar opp alle relevante attributt nemnde i (EU) 2017/373 Part-ATM/ANS.OR Appendix 1 (aeronautical data catalogue) som ikkje oppfyller krava, eller som vart publiserte før forordninga tredde i kraft.