Flydata
Noko av innhaldet på Avinors nettsider kan du nytte i dine eigne tenester utan å måtte betale for det.

Flydata i XML-format
Endringar i URL og parameter for XML-feeda:
- URL-ane og parameterane for den nye XML-feeden er no versalsensitiv. Dersom URL-en er feil med omsyn til små og store bokstavar, vil førespurnaden feile.
- Dersom parameterane er feil med omsyn til små og store bokstavar, vil parameteren ikkje bli evaluert, og standardverdien vil bli brukt.
- Estimerte tider vil bli oppdaterte tidlegare og oftare
Teknisk beskriving:
Datagrunnlaget i tenestene er det same som blir brukt i våre eigne internettløysingar, på informasjonsskjermar på flyplassane og hos samarbeidspartnarar som t.d. Flytoget og NRK. Tenestene inneheld ikkje data frå private flyplassar som Sandefjord lufthamn, Torp.
I punkta under finn du tekniske beskrivingar av datatenestene vi tilbyr. Merk at beskrivingane er meinte for personar med kjennskap til XML-formatet.
xmlfeed | Beskrivelse |
asrv.avinor.no/XmlFeed/v1.0 | Flygingar til og frå norske flyplassar |
asrv.avinor.no/flightStatuses/v1.0 | Status på flygingar |
asrv.avinor.no/airportNames/v1.0 | Namn og IATA-kode på flyplassar |
asrv.avinor.no/airlineNames/v1.0 | Namn og IATA-kode på flyselskap |
NB: Ver vennleg merksam på korrekt bruk av store og små bokstavar i lenkjene og parameterane. Ved feil bruk vil lenkja ikkje fungere og parameterane vil ikkje bli tekne omsyn til.
Flyinformasjon (inkl. oppdatert trafikkstatus) - asrv.avinor.no/XmlFeed/v1.0
Tenesta gir deg tilgang til rutetabell for Avinors 43 lufthamner, samt kontinuerleg oppdatert trafikkstatus.
For å sikre at du tilbyr sluttbrukarane dine korrekte/oppdaterte flydata, bør du hente flytider kvart 3. minutt. Hyppigare førespurnader enn dette er ikkje nødvendig. Vi oppmodar alle som brukar data frå Avinor om å mellomlagre (cache) dataa i eiga teneste, og ikkje la klienten (sluttbrukaren) gå direkte mot tenesta vår.
Parametere
Parameter | Beskrivelse | Eksempel |
airport | Obligatorisk. IATA-kode som styrer kva flyplass XML-uttrekket gjeld for. | airport=OSL |
TimeFrom | Valfri, standardverdi er éin time. Styrer kor langt tid tilbake det blir henta flygingar for, runda ned til heile timar. | TimeFrom=2 |
TimeTo | Valfri, standardverdi er sju timar. Styrer kor langt fram i tid det blir henta flygingar for, runda ned til heile timar. | TimeTo=5 |
direction | Valfri, angir "retning" for ei flyging: A = "Ankomstar", D = "Avgangar". Dersom ingen verdi blir valt, så blir både A og D viste. | direction=D |
lastUpdate | Valfri, hentar berre flydata som har blitt oppdaterte etter eit gitt tidspunkt. | lastUpdate=2024-08-08T09:30:00Z |
codeshare | Valfri, når denne parameteren blir inkludert, vil eventuell codeshare-informasjon bli lagd til flyginga. Codeshare-informasjon består av codeshareAirlineDesignators, codeshareAirlineNames, codeshareFlightNumbers og codeshareOperationalSuffixs. | codeshare=Y |
serviceType | Valfri, gjev høve til å inkludere helikopterflygingar ved å leggje til parameteren serviceType «E». Helikopterflygingar vil bli inkluderte i resultatet, i tillegg til vanlege skedulerte flygingar med servicetype ‘J’ (Schedule passenger) og ‘C’ (Charter passenger). | serviceType=E |
Eksempel på førespurnad:
asrv.avinor.no/XmlFeed/v1.0?TimeFrom=1&TimeTo=7&airport=OSL&direction=D&lastUpdate=2024-08-08T09:30:00Z
Spørringa hentar ut endringar i avgangar på Oslo lufthamn, éin time tilbake og sju timar fram og berre for flygingar oppdaterte etter spesifisert dato/tid i lastUpdate.
Beskrivelse av attributtar:
Øvste element (parent element) i XML-dokumentet har namnet airport. Dette elementet har eit sub-element (child element) med namn flights og det inneheld igjen element av typen flight.
Attribute | Beskrivelse | Eksempel |
lastUpdate | Alltid inkludert. Attributt for elementet flights | ”2024-08-09T07:05:00Z” |
uniqueId | Alltid inkludert. Attributt for elementet flight | "1617049968" |
flightId | Alltid inkludert. Sub-element av ”flight” | "SK4167" |
dom_int | Alltid inkludert. Viser om det er ei innanriks (D), | "D" |
schedule_time | Alltid inkludert. ankomst-/avgangstid. | "2024-08-09T07:05:00Z" |
arr_dep | Alltid inkludert. Angir ankomst eller avgang. | "D" |
airport | Alltid inkludert. Viser IATA-kode for ankomst- | "BGO" |
airline | Alltid inkludert. Viser IATA-kode for flyselskap. | "VF" |
via_airport | Viser eventuelle mellomlandingar, maks. | "SVG, BOO" |
check_in | Viser innsjekkingsområde dersom dette er | "1 2 3" |
gate | Viser gatenummer. | "B32" |
status code | Attributt «code» på elementet status angir | A = "Landet" (Arrived) C = "Innstilt" (Cancelled) D = "Avreist" (Departed) E = "Ny tid" (New time) N = "Ny info" (New info). |
status time | Attributt ”time” på elementet status angir | "2024-08-09T07:05:00Z" |
belt_number | Angir kva bagasjeband som blir brukt | "9" |
Tidsangivingar
Alle tidsangivingar er oppgjevne i UTC (Wikipedia:UTC, CET) og er på ISO 8601 (Wikipedia: ISO 8601-format) [YYYY]-[MM]-[DD]T[hh]:[mm]:[ss]Z. Hugs derfor å korrigere for tidssona vår, samt eventuell sommertid.
Eks: 2009-12-31T16:00:00 tilsvarar 31. desember 2009 kl 17:00 lokal tid i Noreg (CET), medan 2009-06-23T16:00:00 tilsvarar 23. juni 2009 kl 18:00 lokal tid i Noreg (sommertid).
Flystatusar - asrv.avinor.no/flightStatuses/v1.0
Tenesta gir deg statustekst for statuskodane som er knytte til ei flyging.
Spørjingar mot tenesta hyppigare enn kvar 24. time bør ikkje vere nødvendig for å sikre oppdaterte data.
Parametere
Parameter | Beskrivelse | Eksempel |
code | Vise berre ein av statuskodane | code=N |
Eksempel på førespurnad:
asrv.avinor.no/flightStatuses/v1.0?code=D
Flyplassnamn - asrv.avinor.no/airportNames/v1.0
Tenesta gir deg tilgang til namn og IATA-kode på norske og internasjonale flyplassar.
Spørjingar mot tenesta hyppigare enn kvar 24. time bør ikkje vere nødvendig for å sikre oppdaterte data.
Parametere
Parameter | Beskrivelse | Eksempel |
airport | Valfri - Vise berre ein av flyplassane | airport=OSL |
shortname | Valfri - Inkluder eit kort namn for flyplassen i resultatet | shortname=Y |
Eksempel på førespurnad:
asrv.avinor.no/airportNames/v1.0?airport=BGO&shortname=Y
Flyselskap - asrv.avinor.no/airlineNames/v1.0
Tenesta gir deg tilgang til namn og IATA-kode på norske og internasjonale flyselskap.
Spørjingar mot tenesta hyppigare enn kvar 24. time bør ikkje vere nødvendig for å sikre oppdaterte data.
Parametere
Parameter | Forklaring | Eksempel |
Det er ingen parameter tilgjengelege for å filtrere denne xmlfeeden |
Sjekkliste flyselskap
Denne sjekklista er laga for å sikre effektivt samarbeid mellom Avinor og flyselskapene gjennom tydelege forventningar til deling av data. Korrekt og punktleg levering av data er avgjerande for å unngå faktureringsfeil, systemproblem og operasjonelle utfordringar som kan påverke passasjerar og samarbeidspartnarar.
Brukarvilkår
Vi legg ingen avgrensingar på korleis data blir nytta, så lenge innhaldet ikkje blir brukt i samanhengar som bryt norsk lov. Vi reserverer oss retten til å stenge tilgangen for aktørar som nyttar tenestene i samanhengar som blir vurderte som skadelege for Avinors omdømme. Informasjon, men ikkje grunngiving, om slike avgjerder vil bli gitt dersom kontaktinformasjon er tilgjengeleg.
Alt innhald frå tenestene våre skal merkjast "Flydata frå Avinor". Teksten skal vere ein lenkje til www.avinor.no, plasserast i umiddelbar nærleik til dataa og vere godt synleg for sluttbrukaren.
Dersom du planlegg å nytte datatenestene i samanhengar som inneber stor belastning på serverane våre, ber vi deg kontakte oss på førehand. Avinor har dessverre ikkje høve til å yte teknisk support.
Avinor kan ikkje garantere at innhaldet er fullstendig, oppdatert eller tilgjengeleg til kvar tid og på kvar stad. (Vi kan likevel love at vi gjer vårt beste med dei ressursane og rammevilkåra vi har.)
Har du spørsmål eller ønskjer å komme i kontakt med oss, send ein e-post til