Styrande dokument for eksterne samarbeidspartnarar
Her finn du SMART for eksterne der Avinor deler utvalde styrande dokument, inkludert flyplassmanual for flyside, med eksterne samarbeidspartnarar.

Slik søkjer du om tilgang:
- Logg inn i Avinors sjølvbetjeningsportal med din personlege jobb-e-post
- Vel tilgangspakken som gjeld bedrifta di. Dersom du har valet mellom to tilgangspakkar, skal du velje den som ikkje heiter "SMART Samarbeidspartnere Guest Users"
- Fyll ut skjemaet
Så lenge du har gyldig Avinor ID-kort og har fylt ut skjemaet korrekt vil søknadsprosessen gå automatisk. Merk at det kan ta inntil ein time etter godkjenning før du kan logge inn i SMART for eksterne.
Finn du ingen tilgangspakkar?
Det kan vere fordi bedrifta di ikkje har godkjent verksemdsdomenet sitt hos Avinor. Ta kontakt med kontaktpersonen din i Avinor for å få dette godkjent.
Innlogging
Avinor SMART samarbeidspartnarar
Avinor SMART Flysikringstenester
https://smart.avinor.no/eksterneflysikring/
Reservert for leverandørar av flysikringstenester, som SAERCO
Avinor SMART tryggingstenester
https://smart.avinor.no/eksternesecurity/
Reservert for leverandørar av securitytenester, som Avarn Security Aviation
Brukarrettleiing finst i venstremenyen når du har logga inn i SMART for eksterne.
Ved spørsmål om SMART for eksterne, ta kontakt på
Innhaldet i dokumenta er © Avinor AS.