Insentivprogram for flyselskap
Vi tilbyr insentivprogram til alle flyselskap som opererer ved flyplassane våre, for å stimulere trafikkvekst. Saman med dei omfattande partnarskapa våre bidreg desse programma til å redusere risikoen knytt til oppstart av nye ruter, og til å etablere jamn etterspurnad.

Formålet med Avinors økonomiske deltaking er å redusere risikoen knytt til oppstart av nye ruter, bidra til betre økonomiske resultat for Avinor, og forbetre tilbodet til reisande.
Alle søknader om støtte må sendast til Avinor AS før prosjektet eller ruta startar.
Oversikt
Følgjande insentivordningar er tilgjengelege:
- Oppstartsstøtte for nye passasjerruter: reduksjon av avgifter i ein avgrensa periode.
- Marknadsføringsstøtte: direkte tilskot for å finansiere marknadsføringsaktivitetar
- Hjelp til etablering av Route Development Funds (RDF)
- Passasjervekstbonus
| Route type | Maximum discount | Year 1 | Year 2 | Year 3 | Year 4 | Year 5 |
| Intercontinental | Take-off charge | 100 % | 90 % | 80 % | 40 % | 20 % |
| Passenger charge | 90 % | 70 % | 50 % | 30 % | 20 % | |
| Europe | Take-off charge | 100 % | 75 % | 50 % | ||
| Passenger charge | 90 % | 60 % | 30 % |
For fullstendige detaljar, last ned Avinor Guidelines Start-Up Aid.
Marknadsføringsstøtte for passasjerruter
Formålet er å bidra ved oppstart av nye ruter eller andre ekstraordinære aktivitetar ved flyplassen.
Direkte tilskot blir berre gitt éin gong til same aktivitet og kan berre dekke eksterne prosjektkostnader, ikkje inkludert bruk av interne medarbeidarar eller ressursar.
Bonus for passasjervekst
Formålet med bonusordninga er å belønne flyselskaper som bidreg til passasjervekst for Avinor-gruppa, for internasjonale flygninger innen Europa, inkludert Tyrkia.
Ein bonus tildeles for kvar ekstra avgangspassasjer frå eitt kalenderår til neste, basert på antall passasjerar som det skal betalast passasjeravgift for. Bonusen er 60 % av den gjeldende passasjeravgifta i vekståret.
For fullstendige detaljar, last ned passenger growth bonus 2025.
